Hendingar på kysten -
Kalvåg Kystlag, vart stifta 19.feb.2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medl. Olav Peder Frøyen var leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då, og vart avløyst i 2010 av Arvid Langeland.
Kalvåg Kystlag har 4 båtar:
Nigaren, rogavl bygd i Hardanger 1928.
"Femkjeipen" ca. 150 år brukt t. fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane.
"Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge.
Færingen "Sevald" gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Etter att Arvid Langeland hadde sakt frå seg attval, vart Bjarne Pedersen valgt til leiar for 2. gong. I 2016 er Bjarne valgt til leiar for 3. gong.
Dette, m.fl. gamle foto,blir å finne på nettsida. klikk på bileta, som du vil sjå nermare på.
DS. Vesta på Kalvåg hamn. Vesta var av B.D.S.(Bergenske Dampsk. Selsk.) sine båtar. B.D.S. Hadde fleire skip som Gjekk t. Russl. m. sild, som returlast frakta dei tommer, så d.e. truleg at den ligg på raia og lastar sild frå føringsb. På og v. Amtskaia, ser det ut t. å vere hektisk aktivitet. Om DS.Vesta: Byggeår 1920 v. Københamn Flytedokk og Skibsv. Motor på 618 IHK. Fart 9 Knop Kjøpt av B.D.S. i 1922 for kr. 654.914,-. Vart. skada av udet. bombe i 1940. 1948 seld. 1961 opph. i Italia.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar