Blogg med nyhende og gamle foto fra Kalvåg og kystlaget sine aktivitetar

Bildet mitt
Hendingar på kysten - Kalvåg Kystlag, vart stifta 19.feb.2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medl. Olav Peder Frøyen var leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då, og vart avløyst i 2010 av Arvid Langeland. Kalvåg Kystlag har 4 båtar: Nigaren, rogavl bygd i Hardanger 1928. "Femkjeipen" ca. 150 år brukt t. fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane. "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge. Færingen "Sevald" gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Etter att Arvid Langeland hadde sakt frå seg attval, vart Bjarne Pedersen valgt til leiar for 2. gong. I 2016 er Bjarne valgt til leiar for 3. gong.

tirsdag 27. september 2011

Gamalt foto frå fotosamlinga til Per Liset. Fotograf: Nils Liset

Foto av D/S Vesta på Kalvåg hamn. Vesta var av B.D.S. (Det Bergenske Dampskipselskap) sine skip. B.D.S. hadde fleire båtar som gjekk t. Russland m. sild, som returlast frakta dei tømmer, så det er truleg at den ligg på raia og lastar sild frå føringsbåtar. På og ved Amtskaia, ser det ut til å vere hektisk aktivitet.
Om D/S Vesta: Byggeår 1920 v. Kobenhamn Flytedokk og Skipsverft. Motor på 618IHK. Fart 9knop. Kjøpt av B.D.S i 1922 for kr. 654.914,-. 1940 bombeskada, bomba ekspl. ikkje. 1948 seld. 1961 opphøgd i Italia.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

VG RSS